RIT

•

Ei scenisk reise gjennom årstidene med dikt av Olav H. Hauge

Medverkande:
Katherine J. Hanson – innleiing
Reidun Horvei – song
Inger-Kristine Riber – piano

Tekst: Olav H. Hauge
Musikk: Inger-Kristine Riber
Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen
Scenisk formgjeving: Thomas Pihl
Foto: Oddleiv Apneseth

Om framsyninga:
RIT tek oss med på ei reise gjennom årstidene med dikt av lyrikaren Olav H. Hauge som vegvisar og fylgjesvein. Me startar seint om hausten, der reisa til tider kan vera tung og myrk. Men etter kvart som dagane vert lettare og lysare, mjuknar og opnar også diktaren seg.

Dikta som vert presenterte i RIT spenner vidt – frå djupn og alvor i Hauges poetiske visjon til varme og humor medan han observerer verda kring seg med glede.

Tittelen RIT
Tittelen er inspirert av diktet «Rit» frå På Ørnetuva. Eit kort, stemningsfullt dikt som med impresjonistiske strek teiknar ei naturscene:

«…ei mjuk grå teikning, rita som i ein draum.»

Med ei naturskildring som gror ut av draum og som utfaldar seg stille og sakte, som ei kinesisk rull, er diktet eit fullkome uttrykk for den visjonen ensemblet ynskjer å formidle.

Naturbilete og årstider
Katherine J. Hanson opnar framsyninga med å fortelja om sine opplevingar av naturbileta i Hauge sine dikt. Ho forklarar korleis dei mest kjende motiva – berget, elva, sjøen, månen og stjernene – skapar eit draumelandskap der kreativiteten kan oppstå.

I framsyninga vert rundt 30 dikt presenterte. Nokre er tonesette og sunge, andre resiterte av Hauge sjølv og av Reidun Horvei. Dikta er ordna i eit narrativ som følgjer årstidene: haust, vinter, vår, sommar – og attende til haust.

Det dannar ei reise gjennom eit år, men òg eit livslaup – ei skildring av menneskelivet i rørsle.

Musikk og dramaturgi
Hanson, Horvei og Riber har freista å skapa eit scenisk verk med ein tydeleg tematikk, ei dramatisk stiging og ei avslutning som oppmodar publikum til refleksjon og ettertanke – til å gå inn i Hauge sitt univers med eit ope sinn.

Publikumsrespons:
Framsyninga har fått varm og entusiastisk mottaking.

«RIT tala til alle kjensler… Skapte stemningar me kunne kjenna oss att i – frå det lette til det tunge. Musikk og tekst, saman med lyd og lys, vart ein heilskap eg seint gløymer», skreiv ein publikummar.

Komposisjonar og lydlandskap
I komposisjonane har Riber freista å skapa eit landskap der musikken kan opplevast som ein fri straum – med draumen som eit gjennomgåande leiemotiv.

Musikken omfattar både piano og datamaskin, samt klokkespel. I tillegg vert det nytta lydeffektar og innspelte lydar frå samplers, strengeinstrument, harpe og erhu (eit kinesisk folkemusikkinstrument), som vert avspela gjennom høgtalarar i rommet.

Melding frå presse:
I Klassisk musikkmagasin skreiv Svein Knutsen:

«Poesi og musikk glir sømløst i kvarandre. Musikken følgjer årene lag for lag, heilt inn til kjernen – ja, til sjølve livet.»
(Publisert 29.09.2021)

Det fyrste møtet…..

Tidleg ein vårdag i 1977 møtte eg Hauge for fyrste gong. Eg hadde arbeidd med dikta hans i eit par år og no skulle eg medverka i eit radioprogram saman med diktaren der eg skulle syngja. Eg kom fram, banka på døra og steig over dørstokken. Hauge vart yr, spytta skrå i vasken og ropa på kona i hagen: Bodil, du mao koma, du mao koma, ho kan syngja! 

Reidun Horvei

Då eg valgte Olav H. Hauge sin diktning som emne for mi PhD avhandling i 1973, bar eg nok på ein draum om å få gjesta diktaren og hageflekken hans i Ulvik.  Draumen vart røyndom og i åra framover gjesta eg Hauge i kårstua  hans på Hakestad mange gonger.  Møtet med diktaren og verda hans opna dører til poetiske rom eg ikkje hadde visst om!

Katherine Jane Hanson

Våren 1992 studerte jeg ved Riksteateret/ Hordaland teater 
sin 4 årige elev skole. Lyrikk sto fast på timeplanen, og denne våren ønsket teateret å produsere en turneforestilling med dikt av Olav H.Hauge. Komponist Per Indrehus tonesatte forestillingen «vinden har so mykje å fortelja i vår». Det var stort å få komme hjem til Olav H. Hauge på gården i Ulvik. Han delte raust av sin kunnskap, og syntes det var kjekt at ungdommen tok tak i diktene hans. Han kom hele tre ganger på forestillingen vår som turnerte med teaterbåten Innvik. Da satt han bakerst i salen med hatten på skrå og humret godt da «stå ikkje  der å skrik på eit Berg» ble fremført som I freestyle rap. Diktene har fulgt meg siden, og åpner stadig nye rom for refleksjon.

Ragnhild Margrethe Gudbrandsen

Støtta av: FFUK, Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Vestmannalaget, Voss Herad, Ulvik Herad, Eidfjord kommune, Ullensvang kommune, Kvam kommune, Sparebanken Vest, Halldor O. Opedal sitt fond, Einar Langeseater