Pressemelding – august 2025 Frå Noreg til verda: Hugs kvinnene! kjem på engelsk

•

Då boka Hugs kvinnene! vart lansert i juni 2025, fann ho raskt vegen inn i hjarta til lesarar over heile landet. Historiene om norske kvinner som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925 – kvinner som bar born, språk, von, arbeid, kvardag og samhald – har rørd og inspirert, og boka har fått strålande tilbakemeldingar.

No kryssar forteljingane Atlanteren på ny. I oktober kjem boka i engelsk utgåve, slik at lesarar internasjonalt kan møte desse kvinnene og bli kjent med reisa deira frå fjell og fjord til audland og storbyar.

Med levande gjenforteljingar og historisk forankring gir boka eit nært bilete av liv som forma både Noreg og det norsk-amerikanske samfunnet. Den engelske utgåva vil vere ei viktig bru for å dele denne delen av historia med nye lesarar – både etterkomarar av norske utvandrarar og alle som er opptekne av migrasjon, kultur og kvinnelege livsforteljingar.

Utgjeving: Oktober 2025
Format: Pocket, 116 sider
Språk: Engelsk