Av Gunnstein Akselberg
Konsertramsyninga RIT er godt planlagd og solid førebudd, vel strukturert og systematisk oppbygd, og meisterleg framførd.
Mange har sett musikk til Olav H. Hauge sine tekstar tidlegare, men dette må vera ein av dei fyrste gongene at Hauge-tekstar er musikalsk og scenisk framførde som ein einskap sett i eit overordna tematisk perspektiv. Det fell naturleg å assosiere RIT med ein songsyklus på line med Franz Schubert sine syklusar Die Winterreise og Die Schöne Müllerin. Hjå Horvei og Riber er det årssyklusen – frå haust, gjennom vinter, vår, sommar og ny haust – som strukturerer framsyninga. Dette er eit genialt grep som får fram dei store variasjonane i Hauge-dikta, samstundes som grepet set i fokus Hauge si ualminnelege evne til å skildre samspelet mellom natur og menneske, og samspelet mellom det fysiske og det mentale.
Eit særtrekk ved den nordiske årstidsvariasjonen er nettopp korleis natur og psyke samspelar mellom oppbrot og endring, stabilitet og harmoni. Me her oppe i nord gler oss når epla mognar på grein og når haustfargane kler skogen. Me jublar når dei fyrste snøfillene fell og kvitmålar markene, me strålar når snøen smeltar og naturen vaknar til liv med blomar og fuglesong, og me feirar dei ljose nettene og varme dagane. Men den stendig attkomande årssyklusen og dei skiftande årstidene er òg utfordrande og kan slita på kropp og sinn. Likevel vil me nordbuarar ikkje byta med ein stendig blå himmel og høge temperaturar året rundt. Me elskar den skiftande årssyklusen her heime – på godt og vondt – noko Hauge hadde uvanleg god innsikt i, og ei endå betre evne til å uttrykkja i ord og vendingar.
Hauge kjempa med og mot naturen, med og mot seg sjølv – og han lukkast som få andre å uttrykkja dette i lyrisk form. Knapt nokon i Noreg har gjort han dette etter, verken før eller seinare. Med eigne erfaringar frå natur og kultur i Ulvikabygdi skapte han ein litterær årssyklus som høyrer til verdslitteraturen. Denne syklusen har Horvei og Riber kasta seg ut i med solid resultat.
Konsertframsyninga er bygd opp kring fem bolkar knytte til dei fire årstidene – som byrjar med hausten og sluttar med hausten – og der kvar bolk har fått tittel etter fem av dei elleve versa i den vidkjende strofa til Hauge, «Det er den draumen». I innleiingsforedraget knyter litteraten Katherine Jane Hanson desse bolkane saman med eit poetisk univers som finst i poesien til Hauge, med vekt på tre topoi: elv, hav og berg. Slik framstår konsertframsyninga som ein tekstleg heilskap som Horvei og Riber fargelegg musikalsk.
Riber boltrar seg i ulike uttrykksformer på klaveret, supplert med sampling innspelt på førehand. Både kompositorisk og med omsyn til utføring syner Riber stor kreativitet og dugleik. Det musikalske uttrykket vekslar mellom det sarte, melodiske og romantiske – og det dynamiske, kraftige og tidvis brutale. Såleis understrekar tonefølget dei skiftande tematiske og stilistiske spranga i dei utvalde Hauge-tekstane. Stundom kling meir tradisjonelle klassiske og visemusikalske undertonar i komposisjonane, andre gonger lyder eksperimentelle uttrykksformer og jazzprega stilklangar tekstane ut av den lokale verda, i tråd med Hanson sin karakteristikk av det poetiske universet hjå Hauge.
Horvei tolkar Hauge innsiktsfullt vokalt i vekslinga mellom ljoset og mørket i tekstane og i tonefølget til Riber. Horvei nyttar det breie registeret i stemma si til å understreke, framheve og formidle ei nennsam og inderleg tolking av Hauge. Dynamikken i stemma hennar høver som hand i hanske til framføringa. Scenografisk fell dei stillferdig vandrande og lett poserande handlingane hennar godt saman med den enkle og minimalistiske scenografien. Her er det stemma og tekstane som talar. Dynamikken i stemma understrekar svært godt spenninga i tekstane og i musikken – frå det ømt lyriske til det røft kraftige og nesten slåande.
Slik spenninga som finst i det poetiske universet til Hauge – bygd omkring elv, hav og berg – ter seg. Tolkingane til Horvei eksemplifiserer nettopp spenninga mellom lyriske og topografiske ytterpunkt. Samstundes utfordrar Horvei tilskodarane og lyttarane: konsertframsyninga krev noko av publikum. Ein går ikkje frå konsertlokalet med eit inntrykk av at dette berre var koseleg og hyggeleg. Ferdig med det. Nei, ein forlèt konsertlokalet òg med ettertankar og utfordringar. Slik stor kunst skal gjera.
For mange vil nok konsertframsyninga ikkje berre stadfeste tidlegare Hauge-opplevingar, men vel så mykje opna opp for andre og nye Hauge-opplevingar. Det er viktig.
Den enkle scenografien til Thomas Pihl og den strenge regien til Ragnhild Margrethe Gudbrandsen kler framsyninga godt. Dei originale diktopplesingane til Hauge set framføringa i perspektiv, og Morten Svartveit sine episke dagboklesingar illustrerer tolkingar og framføringar. Hanson si informative og vel formulerte innleiing set framføringa i ein solid fagleg og nyttig kontekst.





