av Randi Jåstad
Amboltprisen 2021 til professor Kathrine Hanson frå The University of Washington vart ekstra aktuell dette året på grunn av Hauge-forestillinga RIT. Amboltprisen går til nokon som har gjort mykje for å gjera livsverket til Olav H. Hauge kjent. Venelaget Olav H Hauge står for prisen, som vart overrekt Hansson av leiaren i venelaget, Olav Ljones, i samband med premieren for RIT på poesifestivalen i Ulvik. Kathrine Hanson har i forsking og undervisning arbeidt med tekstuniverset til Hauge i om lag 50 år og er såleis ein verdig prisvinnar.
Med RIT har Hanson, musikar Reidun Horvei og pianist og komponist Inger-Kristine Riber sett saman ei poetisk reise gjennom dei fire årstidene ved hjelp av Hauge-dikt. For å freista nærma seg visjonane til diktaren vert både kjende og meir ukjende naturdikt lyfta fram. Stemninga i førestillinga spenner frå djupaste sorg til sprudlande glede. Først held Hanson eit innleiingsforedrag om korleis Hauge brukar dei fire elementa jord, eld, vatn og luft i poetiske naturbileta. Slik vert publikum førebudd på den kjensleladde tolking til Horvei i dialog med musikken til Riber.
Stemma til Hauge frå arkivopptak og skodespelar Morten Svartveit si opplesing frå dagbøkene tilfører framsyninga ein ekstra dimensjon. Det oppstår ein spanande dynamikk mellom fortid og notid, mellom diktarstemme og dramatisering på scena.
Reidun Horvei brukar både kroppsspråk og heile stemmeregisteret sitt til song og resitasjon når ho møter publikum. Samspelet med Riber på piano skaper eit driv over førestellinga som tek oss med mot dei djupaste dalar og til perlande gleder. Den enkle scenografien til Thomas Pihl og regien til Ragnhild Gulbrandsen stengjer ikkje for noko, tvert imot vert tolkingsrommet utvida og opna opp. Publikum står fritt til å skapa sine eigne bilete og relatera tematikken til eige liv.
Takk for ei gripande førestilling!
Lukke til med å førebu RIT på ei reise over havet til eit engelskspråkleg publikum i Amerika!





