Ein konsertforteljing om røter, lengt og draumar.
Migrasong tek publikum med på ei reise frå Noreg på slutten av 1800-talet til dei amerikanske præriene. Gjennom musikk og forteljing får me innblikk i korleis utvandringa prega dei som reiste frå landet – og dei som vart att. Gamle folketonar fekk nytt liv på ferda over havet, og nye songar vaks fram i møte med eit nytt land.
Framsyninga bind saman historie og musikk og fortel om eit liv i endring, gjennom stemmer som minner oss om dagens migrasjon og flyktningstraumar. I ei tid der framandfrykt og kulturkonflikt ofte pregar samfunnsdebatten, opnar Migrasong opp for ettertanke og forståing – og eit historisk perspektiv.
Migrasong finst i fleire variantar og lengder, frå 35 til 70 minutt, og vert framført av Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber på piano og datamaskin. Konsertframsyninga har vorte vist på turnéar i Noreg og USA i perioden 2017-2025.
Framføring og sceniske verkemiddel
Scenebiletet inkluderer eit biletspel med historiske fotografi som går i dialog med det som skjer på scena. Det visuelle støttar opp under forteljinga og skaper ei sterk visuell og emosjonell råme for publikum. Produksjonen er delt inn i 12 sekvensar, og er regissert og dramaturgisk utvikla i samarbeid med Jan F. Øqvist og Tore Nysæther.

Målgruppe
Framsyninga rettar seg mot eit allment publikum i Noreg og USA, og passar særleg godt for dei med interesse for historie, kulturarv og migrasjon. Det finnst òg ein engelsk versjon for internasjonale publikumsgrupper.
Bakgrunn og idé
Då utvandringa til Amerika for alvor tok til på 1800-talet, sette det djupe spor i både samfunn og kultur. Lengt, tap og håp blei uttrykt i viser, dikt og tonar – både i Noreg og i det nye landet. Emigrantvisene speglar eit mangfald av erfaringar: frå draumen om fridom og velstand, til det smertefulle avskilet frå “Moder Norge”. Migrasong tek utgangspunkt i dette musikalske arvegodset, og løfter fram songar, tonar og forteljingar som knyter fortida til vår eiga tid. Prosjektet har òg eit klart blikk mot notida: I ei verd prega av migrasjon og flyktningstraumar, minner Migrasong oss om at rørsle over grenser alltid har vore ein del av menneska si historie.
Ei fiktiv soge med røter i røynd
I framsyninga møter vi dei fiktive figurane Olina frå Hardanger og Ananias frå Nordhordland. Dei reiser frå slekt og heimland – ho til slektningar i Indiana, han til California. Ikkje alle vender tilbake. Nokre mister kvarandre, andre finn kvarandre att i nye liv. Gjennom forteljinga får me glimt av korleis utvandrarane bygde seg nye liv, korleis musikken fylgde dei, og korleis dei heldt kontakt med røtene – eller mista dei.












