– Takk til Landslaget for lokalhistorie!
Me takksame for å bli løfta fram i det nyaste nummeret av Lokalhistorisk magasin, utgjeve av Landslaget for lokalhistorie. Magasinet set søkelyset på alt som skjer i historielagsrørsla i Noreg – og i 2024 gjekk dei over til digital publisering, noko som gjer stoffet lett tilgjengeleg for alle som er glade i lokalhistorie.
I artikkelen får du eit nærare innblikk i Vågespel, eit prosjekt som set kvinner sin plass i utvandringshistoria i fokus. Gjennom brev, dagbøker og musikk løftar me fram dei personlege forteljingane – ikkje berre dei spektakulære bragdene, men kvardagen, motet og håpet.
Me ønskjer å takke redaksjonen varmt for omtalen, og for at de ser verdien i å synleggjere historia til dei som altfor ofte har blitt ståande i skuggen.
📖 Du kan lese artikkelen her:
👉 https://landslaget.org/publikasjoner/#flipbook-df_6386/1/
(sjå side 11–16 i bladet)












