Juni – oktober 2024
Kva får du høyra? Med bakgrunn i klassisk musikk, jazz og folkemusikk vert publikum med på ei reise gjennom tonar som har forma den norske kulturarven. Her får du klassisk song, kveding, trompet, lur, seljefløyte, munnharpe og piano – vevd saman i eit musikalsk landskap fylt av fantasi, improvisasjon og historieforteljing.
Leik med folketonar Kva skjer når ei voggesong møter ein jazzmusikar? Eller når ein tradisjonell bruremarsj blir tolka som om Edvard Grieg spelte tango? Folketonar vert plasserte i nye rom og farga av andre sjangrar og uttrykk – alt med leik, alvor og eit glimt i auga. Respekten for opphavet er alltid til stades, sjølv når musikken går nye venger.
Eit møte med historia – og komponisten sjølv Historia får koma til orde – og gjennom komponisten sine eigne ord, henta frå brev og anekdotar, formidla på underhaldande vis. Dette er ein konsert der musikalske uttrykk møtest og utfordrar kvarandre – der tradisjon og nyskaping går hand i hand, og publikum får vera med i eit levande møte med historia.
I samarbeid med destinasjon Eidfjord og Fred Olsen





