Av Idar Stegane
Som programpost på Poesifestivalen i Ulvik 5. september vart det framført eit originalverk som var sett saman av dikt og prosatekstar av Olav H. Hauge, med musikk av Inger-Kristine Riber. Dei tre kunstnarane bak prosjektet er Katherine Hanson frå USA og Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber frå Voss. Etter Ulvik har dei turnert med programmet kringom på Vestlandet. Regien er ved Ragnhild Gudbrandsen, og scenografien ved Thomas Pihl.
I Hauges rike dikting er mange vinklingar moglege. Til eit samanhengande utval har gruppa valt å arbeide med naturbilete, ut frå Hansons opphavlege studium Nature Imagery. Dei har òg ordna materialet på ei tidslinje frå haust, over vinter, vår og sommar, og attende til haust – som eit livslaup mellom fall og vokster, og mellom endrande sinn, tankar og opplevingsformer.
I unge år studerte Hanson norsk heime i USA, og i 1978 tok ho doktorgrad i litteraturvitskap med avhandlinga Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry. Til programmet har dei valt ut knapt 30 dikt. Som første post held Hanson ei utgreiing om dikta, vel gjennomarbeidd og framført på norsk med varme og sakkunnig innsyn. I ei bok som gruppa har gitt ut, står dikta òg på engelsk – omsette av Hanson.
Songaren Reidun Horvei framfører tekstane både som song og opplesing. Som song vert dei framførte med musikk skriven av komponisten Riber, og framført av henne på piano og elektronikk. Med tanke på Hauges interesse for tradisjonell kinesisk lyrikk har Riber alludert til austleg folkemusikk – eit grep som òg høver godt til folkesongaren Horvei.
Eit fint innslag er Morten Svartveit sine varlege opplesingar i opptak. I tillegg vert det nytta opptak av Hauge si eiga røyst fleire stader – til sterk og uventa glede.
Samverknaden av musikk, song og lesing er djup og gripande.
Tittelen på programmet, så vel som på ein CD og ei bok som kan kjøpast etter framsyninga, er RIT. “Rit” er eit kort og sterkt dikt, plassert i samlinga På Ørnetuva frå 1961, men kom fyrst med i Dikt i utval (1964). Diktet “Det er den draumen” (1966) er òg viktig for samanhengen. Hanson legg vekt på at når naturbileta talar om draumar, er det levande, medvitne draumar – “draumen me ber på”.
Riber skriv dette i avsnittet “Om RIT” i boka:
“Å setja musikk til Hauge sine tekstar inviterer til uventa vendingar, eit leikande tonespråk som spring ut frå tekstleg innhald. Med draumen som bindeledd gjennom RIT, har eg freista skapa eit landskap der musikken kan opplevast som ein fri straum – men likevel bildeskapande og naturalistisk…”
RIT
Himut haustdag med snøravl.
Ei mjuk grå teikning,
rita som i ein draum.
Furone har samla himmelsk bomull
og stukke tottane i håret,
og bjørkene held fram dei tunne greinene
so vart, so vart –
På frosne pyttar skriv fuglane
på nye tavlor.
Med dette programmet turnerer dei tre kvinnene Vestlandet frå Rogaland til Nordfjord. Dei vitjar ikkje mindre enn 26 – tjueseks – stader. I fyrstninga var besøkstalet avgrensa av smittevernomsyn, men frammøtet har vore godt heile vegen. Tek vi 30 som eit gjennomsnittstal, kjem vi opp i nærare 800 personar.
Sundag 10. oktober var dei komne til Fana Kulturhus, for andre gong innanfor Bergens grenser, etter å ha vore på Litteraturhuset tidlegare (teke imot av Vestmannalaget).
Etter denne suksessen kan vi berre håpa på ein ny konsert i Bergen sentrum. Det ville kome til å glede mange.





