Gjennom fleire år har me utvikla og delt prosjekt innan musikk, scenekunst, tekst og lydforteljing – gjennom plattformer som Kulturfjorden, Kulturfjorden Kammerserie, Duo Riber & Horvei og ONEN STUDIO. No samlar me alt dette under eitt tak.
ONEN STUDIO er eit kunstnarleg produksjonsfellesskap etablert på Vestlandet. Her utviklar me prosjekt der ulike kunstuttrykk får møtast, utfalda seg og få nye former. Me arbeider idébasert, prosjektorientert og i tett samarbeid med kunstnarar, fagpersonar og miljø både lokalt og internasjonalt.
Sjølv om me har ulik fagleg bakgrunn, deler me eit felles ynskje om å skapa meiningsfulle opplevingar som kan røre, overraske og setja spor – anten det skjer på ei scene, i eit galleri, i eit klasserom eller via ei lydforteljing.
ONEN STUDIO fungerer som ein møteplass og ein verkstad – og me kombinerer samarbeid med profesjonell kvalitet. Me jobbar aktivt for å byggje berekraftige produksjonar gjennom offentleg stønad og fagleg samarbeid.
Har du eit prosjekt, eit oppdrag eller ein idé du vil dela?
Me er opne for nye impulsar og kreative møtepunkt – anten du kjem frå kulturlivet, undervisning, frivillig sektor eller andre felt.
—
Innhaldet frå ONEN STUDIO er delt under lisensen Creative Commons BY-NC-ND. Du står fritt til å dele materialet så lenge du krediterer oss, ikkje brukar det kommersielt og ikkje gjer endringar.





