EKKO AV LIDENSKAP


Lansering 3. september 2022

presseskriv

 

Då Nils Bergslien kryssa Hardangervidda i 1880 og kom ned til Eidfjord hadde han neppe tenkt at det var der han skulle busetja seg resten av livet. Han hadde nok heller ikkje tenkt at det mindre enn hundre år seinare skulle verta bygd eit kunstgalleri som bar namnet hans. I 2021 runda Galleri N. Bergslien sitt 20 års-jubileum. 1-3. september 2022 vert jubileet markert i god brydlaupstradisjon, 3 dagar til ende. Det vert utstilling, spelemenn, filmpremiere og Cd/bok slepp for å markera hendinga.


Sidan midten av august i 2021 har ei prosjektgruppe under leiing av Inger-Kristine Riber arbeida seg gjennom utallige arkiv og bøker for å freista finna trådar som kunne synleggjera Nils Bergslien som kunstnar og menneske. Han er folkekjær og bileta vert idag selt for store summar. Mange assosierer truleg Nils Bergslien med morosame nissemotiv og julepostkort, men gruppa har lagt stor vekt på å syna ein heilskap av produskjonen hans. Og den er mangfaldig.


Heile idéen om prosjektet «Ekko av lidenskap» vaks fram frå prosjektleiaren sitt fyrste møte med det restaurerte H. S. Riisnæspianoet som står i Voss Sparebank utsmykka med måleri av Nils Bergslien og utskjæringar av Lars Kinsarvik.  Inger-Kristine Riber vart nygerrig på soga til instrumentet , og kvifor det vart bygd 3 slike modellar, og kvifor eit av dei vart sendt til Paris på Verdssjået i 1900.


Resultatet er no lansering av filmen «Ein meister med fargar» om Nils Bergslien, og ein EP med  innspeling av Grieg op. 44. Filmen er ein informasjonsfilm som syner eit breitt spekter av Nils Bergslien sitt liv. CD’en er knytt til H. S. Riisnæspianoet og Grieg op. 44; 6 songar om møtet med ulike kvinner på veg gjennom fjellheimen. «Kanskje 1800-talets svar på mjukporno?» seier musikarane og ler.


Boka knytt til CD’en hentar fram ei fasinerande soge om pianoet, verdssjået og kontakten mellom Edvard Grieg, Holger Drachmann og Nils Bergslien. Tekstleg innhald er skrive av skriv prof. Gunnstein Akselberg, prof. Gunnar Danbolt, Erling Dahl Jr., Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber. Songar Ørjan Hartveit og pianist Inger-Kristine Riber gjorde innspelinga i Voss Sparebank i april 2022 saman med produsent Pytten (Eirik Hundvin) Grieghallen studio. Cd’en er mastra av Audun Strype. CD’en ligg i boka, og musikken vert også lansert på Spotify 3. september 2022.

Medverkande