
Kreativ Produksjon
Me skapar unike opplevingar, og arbeider for å formidla musikk, kunst og forteljingar med kvalitet og engasjement. Me er opne for idéar og samarbeid i tråd med våre kunstnarlege verdiar.
«Det fell naturleg å assosiera RIT med ein songsyklus på line med Franz Schubert-syklusar som Die Winterreise og Die Schöne Müllerin. Hjå Horvei og Riber er det årssyklusen frå haust, gjennom vinter, vår, sommar og ny haust som strukturer framsyninga. Dette er eit genialt grep som får fram dei store variasjonane i haugedikta, samstundes som grepet set i fokus Hauge si ualminnelege evne til skildra samspelet mellom natur og menneske og samspelet mellom det fysiske og det mentale. «

Gunnstein Akselberg
professor emeritus UiB
“Based on the Olav H. Hauge poem, Inger-Kristine Riber’S beautifully crafted «RIT» is quite simply breathtaking and I’ll be completely honest in saying that I found this to be both incredibly moving and an almost transcendental listening experience. With its profound melodic maturity and vivid lyrical poignancy, RIT combines sweeping melodic themes filled with delicate refinement and deft harmonic sophistication, this results in a deeply engrossing, highly reflective, and wonderfully emotive piece that serves as an endearing tribute to Olav’s literary works.»

Andre Anvanessian
Radio Airplay
«Inger-Kristine Riber har komponert musikken. Og hun har skapt et mesterverk. Poesi og musikk glir sømløst i hverandre. Musikken følger ordene lag for lag, helt inn til kjernen, ja til selve livet.»

Svein Knutsen
Klassisk musikkmagasin
Om Oss
ONEN STUDIO er eit kunstnarleg produksjonsfellesskap på Vestlandet etablert av Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei. Med bakgrunn frå musikk, tekst og scenekunst, skapar me forteljingar som rører og forankrar – i det som har vore, og i det som skjer no.
Me utviklar og formidlar tverrkunstnarlege prosjekt innan musikk, scenekunst, litteratur og lydforteljing. Kjernen i verksemda er DUO Riber Horvei, medan ONEN ENSEMBLE er vår plattform for samarbeid med andre kunstnarar og fagpersonar.
Gjennom Onen Records, Onen Tekst og Onen Podkast gjev me ut musikk, bøker og lydproduksjonar. Me tek hand om heile prosessen – frå idé og research til ferdig verk – og legg vekt på kvalitet, nærvær og god formidling.
